Førstestatsadvokat (teamleiar)

LOGO Økokrim
Søknadsfrist: 
25.08.2020

Vi har eit ledig embete som førstestatsadvokat ved eit av teama i avdelinga som har eit særleg ansvar for arbeid med bedrageri-, korrupsjon-, og verdipapirkriminalitet. Arbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar og etterforskarar med anten politifagleg eller økonomisk bakgrunn. 

Førstestatsadvokat (teamleiar)

Økokrim

Ønskjer du å verne viktige verdiar i det norske samfunnet, arbeide med spanande saker og utvikle deg i ein lærande organisasjon der vi arbeider tverrfagleg og deler kunnskap med kvarandre? Då er ØKOKRIM den rette staden for deg. 

Vi har eit ledig embete som førstestatsadvokat ved eit av teama i avdelinga som har eit særleg ansvar for arbeid med bedrageri-, korrupsjon-, og verdipapirkriminalitet. Arbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar og etterforskarar med anten politifagleg eller økonomisk bakgrunn. 

Den som tilsettast skal leie og administrere teamet, oppretthalde og utvikle nødvendige kompetanse på teamet. Arbeidsoppgåver knytta til leiing og personalansvar kan bli endra til andre oppgåver utan personalansvar i ØKOKRIM.

Er du den rette medarbeidaren for denne stillinga, kan vi tilby konkurransedyktig løn innanfor lønsspennet.

Arbeidsoppgaver

  • fagleg ansvar og personalansvar for medarbeidarane på teamet
  • ansvar for å nå dei fastsette måla for teamet og avdelinga 
  • leie etterforsking av straffesaker
  • påtaleavgjere og føre eigne saker i retten i alle instansar 
  • bidra til ØKOKRIMs si fagutvikling
  • skrive artiklar, undervise og halde foredrag 
  • skrive utgreiingar og høyringssvar
  • representere ØKOKRIM 

Kvalifikasjoner

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitenskap
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • relevant yrkeserfaring
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel
  • leiarerfaring
  • særs gode IT-ferdigheiter
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlige egenskaper

  • evne og vilje til å vere ein god leiar 
  • særs god arbeidskapasitet og evne til gjennomføre planar og oppnå resultat
  • initiativrik og endringsvillig
  • særs gode analytiske evner
  • oppteken av å utvikle eigen og andres kompetanse
  • evne og vilje til nært, tverrfagleg samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartnarar
  • evne og vilje til å tenke heilskapleg
Vi tilbyr
  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker 
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • tverrfagleg teamarbeid
  • sterke fagmiljø
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning med medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • løn som førstestatsadvokat (SKO 0254), kr 1 150 000–1 250 000
Kontaktinformasjon
  • Kst  førstestatsadvokat - Inger Svae-Grotli - 976 67 043

SØK HER!

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Fylkesmannen i Troms og Finnmark
Fylkesmannen i Troms og Finnmark
Søknadsfrist: 
09.08.2020
LOGO Fylkesmannen i Troms/Finnmark
Søknadsfrist: 
09.08.2020
LOGO Arbeids- og sos dep
Arbeids- og sosialdepartementet
Søknadsfrist: 
16.08.2020
LOGO Arbeids- og sos dep
Arbeids- og sosialdepartementet
Søknadsfrist: 
16.08.2020
LOGO Arbeids- og sos dep
Arbeids- og sosialdepartementet
Søknadsfrist: 
16.08.2020
LOGO Nye Veier
Nye Veier AS
Søknadsfrist: 
16.08.2020
LOGO Skatteetaten
Skattedirektoratet, Skatteetaten
Søknadsfrist: 
25.08.2020