Etterforskingsleiar (jurist), Trondheim

Spesialeininga for politisaker

Søknadsfrist

I saker som gjeld spørsmålet om ein tilsett i politiet eller påtalemakta har utført ein straffbar handling i tenesta, blir etterforskinga leidd av Spesialeininga for politisaker. Spesialeininga har totalt 41 tilsette. Hovudkontoret er plassert på Hamar, og eininga sine etterforskingsavdelingar er lokaliserte i Oslo, Hamar, Trondheim og Bergen. For meir informasjon om verksemda blir vist til Spesialeiningas heimeside www.spesialenheten.no

Ved etterforskingsavdeling Midt-Noreg er det ledig stilling som jurist ved avdelinga sitt kontor i Trondheim. Vi søkjer etter ein fagleg dyktig medarbeidar som liker utfordringar og som ønskjer å arbeide i eit engasjert og kompetent miljø, og som identifiserer seg med eininga sitt samfunnsoppdrag. Avdelinga består av ein leiar (advokat på verv), to spesialetterforskarar, to privatpraktiserande advokatar på verv.

Vi ber om at søknad, CV, attestar og vitnemål blir sende elektronisk via den elektroniske rekrutteringsportalen vår. Originale dokument tas med til eventuelt intervju.

Arbeidsoppgåver

  • leie og vere ansvarleg for etterforskinga i den einskilde saka i samarbeid med spesialetterforskarar
  • utføre påtaleoppgaver i arbeidet med straffesaker ved avdelinga, medrekna avgjere i kva saker etterforsking skal iverksetjast
  • utarbeide innstillingar til sjefen for Spesialeininga.

Stillingsinnehavaren rapporterer til leiar for etterforskingsavdelinga.

Kvalifikasjonar
  • juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap
  • kjennskap til strafferettspleien og verksemda til politiet og påtalemakta
  • relevant erfaring frå arbeid med strafferett og straffeprosess vil bli vektlagt
  • erfaring som dommarfullmektig er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad
  • erfaring med prosedyre for domstolen er ønskjeleg, men ikkje ein føresetnad
  • erfaring frå arbeid med juridiske problemstillingar, utgreiingsarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • erfaring med handtering og ansvar for eigen portefølje
  • gode administrative evnar
  • god munnleg og skriftleg fremstillingsevne

Det vil bli bedt om politiattest, og den som tilsettes må ved behov kunne tryggleiksklarerast. Stillingsinnehavar har politistyresmakt og påtalemakt innanfor Spesialeiningas ansvarsområde.

Personlege eigenskapar

Det blir stilt krav til fagleg dugleik, nøyaktigheit og god arbeidskapasitet. Den som tilsettes må vere sjølvstendig, vedtaksfør, resultatorientert og strukturert, og samtidig vere flink til å samarbeide og tenkte heilskapleg.

Personleg egnethet vil bli vektlagt. Vi vil i vurderinga vår vektleggje kandidaten sine refleksjonar om Spesialeininga sitt samfunnsoppdrag.

Vi tilbyr

Stillinga blir lønt etter staten sitt lønnsregulativ i stillingskode 1245 frå kr. 650.000 til kr. 815.000 pr. år.
Lønnsplassering etter kvalifikasjonar og erfaring. I henhold til særavtale gis det tillegg i lønn for tilgjengelighet og belastande unnatak frå arbeidsmiljølova med kr. 55.104 pr. år. Av lønna blir trekt 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Vi tilbyr fleksitidordning og sommartid. Spesialeininga for politisaker er ei IA-bedrift, og tilbyr bedriftshelseteneste til alle tilsette.

Anna

Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette jf. offentleglova §  25.

Det er for tida ein utviklingsprosess med mogeleg omorganisering i verksemda, og det blir teke atterhald om framtidige organisatoriske endringar. Den som tilsett plikter å rette seg etter framtidige avgjerder som organisatoriske, arbeids- og/eller ansvarsmessige endringar knytte til stillinga.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjer i desse gruppene det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i rekrutteringsportalen vår dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningene i rekrutteringsportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Les meir på https:/arbeidsgiver.difi.no./positivsaerbehandling.

For eventuelle spørsmål, kontakt Terje Nybøe, sjef for Spesialenheten på tlf. 625 56 100.

SØK HER