Er du vårt nye personvernombod?
Vestland fylkeskommune
Søknadsfrist
-
Om stillingaVestland søker deg som har ei sterk interesse og engasjement for personvern. Som personvernombod vil du jobbe overordna for heile fylkeskommunen saman med personvernrådgjevar og IKT sikkerheitsrådgjevar. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonenSøknadsfrist: 06.02.2022Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune
-
Stillingstittel: Personvernombod
-
Ansettelsesform: Fast
Arbeidsoppgåver
- Informere og gje råd om korleis fylkeskommunen kan ta vare på dei registrerte sitt personvern og fylkeskommunen sine plikter etter personopplysningsregelverket
- Kontrollere at krav i personvernlovgjevinga og interne retningslinjer vert følgt
- Vere eit kontaktpunkt for den registrerte som fylkeskommunen handsamar personopplysningar om
- Føreslå ansvarsfordeling for oppgåver knytt til ivaretaking av personvernet i verksemda
- På førespurnad gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar (Data Protection Impact Assessment – DPIA) og kontrollere gjennomføringa av den
- Vere fylkeskommunen sitt kontaktpunkt mot Datatilsynet
- Gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring innan personvern
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha:
- Relevant høgare utdanning på masternivå innanfor jus, sikkerheit, IT eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
- God oversikt og kunnskap om personvernforordninga og anna relevant regelverk med personvernreglar
Det er ein fordel om du:
- Har god forståing for informasjonssikkerheit, og for risikofaktorar ved handsaming av personopplysningar
- Er oppdatert på nye lover innan fagområdet
- Har erfaring med intern styring og kontroll i større organisasjonar
- Har prosesskompetanse
Personlege eigenskapar
- Høg integritet og etisk refleksjonsevne
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og oppteken av å dele kunnskap med andre
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, planmessig og strukturert
- Trivast med å handtere og formidle kompliserte problemstillingar og sørge for at det vert gjort på ein enkel og forståeleg måte
- Evne til å behalde ro og oversikt i periodar med stor aktivitet
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
- Stillingsnemning seniorrådgjevar/rådgjevar/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Fagleg utvikling
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Kontorstad Leikanger. Ved særskilt behov kan òg kontorstad Bergen avtalast.
- Du må rekne med litt reiseaktivitet, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.