Er du vår nye avdelingsleder?

Økokrim

Søknadsfrist

Vi har ein konstitusjon som førstestatsadvokat (avdelingsleiar) ledig for to år ved avdelinga som har eit særleg ansvar for arbeid med korrupsjon, bedrageri og verdipapirkriminalitet. Avdelingsleiaren har ansvar for alle sider av avdelinga si verksemd og personalansvar for leiarane av dei tre teama i avdelinga

Avdelingsleiaren rapporterer til ØKOKRIM-sjefen og inngår i leiargruppa til ØKOKRIM. Leiargruppa har ansvar for den samla verksemda ved ØKOKRIM, mellom anna for resultat, personell, økonomi, planar og utvikling. 

Er du den rette personen for stillinga, kan vi tilby spanande faglege utfordringar og konkurransedyktig løn.

Arbeidsoppgåver

  • leie avdelinga, ha ansvar for å nå avdelinga sine mål og utvikle henne
  • delta i leiargruppa til ØKOKRIM og ha medansvar for at ØKOKRIM når måla sine og utviklar seg
  • påtaleavgjere og utføre anna straffesaksarbeid ved behov
  • representere ØKOKRIM
  • andre arbeidsoppgåver som følgjer av stillinga

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • leiarerfaring som dokumenterer gode leiareigenskapar
  • normalt ti år med relevant yrkeserfaring og erfaring frå store straffesaker
  • gode IT-ferdigheiter
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Utdanningsretning

  • Juridiske fag

Utdanningsnivå

  • høgskule / universitet, mastergrad / siv***

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til å vere ein god leiar
  • høg integritet
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planar og oppnå resultat
  • initiativrik og endringsvillig
  • særs gode analytiske og strategiske evner
  • oppteken av å utvikle eigen og andres kompetanse
  • evne og vilje til nært, tverrfagleg samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartnarar
  • evne og vilje til å tenke heilskapleg

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • tverrfagleg teamarbeid
  • sterke fagmiljø
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid
  • løn som førstestatsadvokat (SKO 0254), kr 1 150 000-1 210 000

SØK HER !