Eldreombudet søkjer jurist

Helse- og omsorgsdepartementet

Søknadsfrist
 
Om Eldreombodet
Eldreombodet vart oppretta 1. juli 2020. Vi er i dag 5 tilsette og lyser no ut nye stillingar som skal styrkje fleire fagområde. Hovudoppgåva vår er å arbeide for betre rettar og vilkår for eldre i heile Noreg. Eldreombodet skal fremje eldre sine interesser og behov på alle samfunnsområde. Vi skal følgje jamt med på korleis utviklinga i samfunnet påverkar eldre. Dermed har Eldreombodet både ei pådrivarrolle og ei følgje med-rolle.
Eldreombodet har kontor i Ålesund i lag med Senteret for eit aldersvenleg Noreg. Miljøet skal på sikt få rundt 15 medarbeidarar med variert fagleg bakgrunn. Du finn meir informasjon om Eldreombodet i Prop. 64 L (2019–2020) Lov om Eldreombudet.
Eldreombodet vender seg til politikarar, foreiningar og næringslivsaktørar, til fagmiljø innan ulike institusjonar, kommunar og fylkeskommunar, og til dei eldre sjølv.
Om stillinga som jurist hos oss
Vi søkjer no ein jurist i stilling som rådgjevar som skal vere med og utvikle den nasjonale verksemda Eldreombodet. Saman skal vi vurdere korleis dei juridiske rettane til eldre blir varetekne, og påverke dagens lovgjeving i samsvar med eldreombodslova og mandatet Eldreombodet har. Av faglege ansvarsområde kan vi nemne tenestetilbodet, interessene og rettane til dei eldre.
Du må ha eit breitt perspektiv og kunne arbeide med fleire område og fagfelt. Som jurist i Eldreombodet får du ansvar for innspel til endringar i forskrift og lovverk, og ansvar for avtaler som inngår i verksemda til Eldreombodet. Som rådgjevar for det interne juridiske arbeidet skal du jobbe tett med eldreombodet og dei andre faglege rådgjevarane. Du skal vere med og utvikle stillinga i den strategiske planen for Eldreombodet.
Søknadsfrist: 18. februar 2022

 

Arbeidsoppgåver i stillinga vil innebere:

  • Arbeide med utgreiingar, utarbeiding av høyringssvar, fagleg rådgjeving og formidling til publikum
  • Vere juridisk rådgjevar for både eldreombodet og fagansvarlege i verksemda
  • Ha rolla som personvernombod i Eldreombodet
  • Ha ansvar for datahandsamaravtaler, avtaler om innkjøp og anna relevant avtaleverk
  • Ansvarleg for juridisk administrativt arbeid i Eldreombodet

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha:

  • Mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
  • Vi krev normalt minst 3 år relevant arbeidsrøynsle for stilling som rådgjevar

Vi legg vekt på:

  • Relevant erfaring frå arbeid med offentleg forvalting og kjennskap til politiske avgjerdsprosessar. Gjerne erfaring frå arbeid innanfor fagområda til Eldreombodet.
  • Røynsle frå eller god kjennskap til organisasjonsarbeid

Personlege egenskapar vi ser etter:

  • God arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
  • Evne til strategisk tenking og forståing av både systemnivå og enkeltsituasjonar
  • God vurderingsevne
  • Evne til å raskt setje deg inn i saksområde og arbeide under tidspress
  • Har evne å sjå eldre sine utfordringar i samfunnet i ein samanheng
  • Trygg i rolla som rådgjevar for leiarar
  • Er ein raus og omgjengeleg person
  • Evne til å ta initiativ og følgje opp framlegg
  • Engasjement for samfunnsoppdraget til Eldreombodet

Vi ber om at du i søknaden gjer greie for resultat i tidlegare arbeidstilhøve, og motivasjonen din for å søkje denne stillinga.

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga. 

Vi tilbyr

Eldreombodet er framleis under oppbygging, og den vi tilset som jurist, skal vere med på å utforme sin eigen arbeidskvardag.  Det blir spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit veksande tverrfagleg miljø.

Hos oss får du:

  • Fast stilling
  • Gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Lønsnivå for denne typen stilling er frå 570 000 til 650 000 kr. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 2 % innskot blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Etter at søknadsfristen er ute, lagar vi ei offentleg og ei utvida søkjarliste. Søkjarar som har bede om konfidensiell handsaming, kan likevel bli oppførte på søkjarlista. I så fall blir søkjarane varsla før offentleggjering.

Mangfold og inkludering  

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vil du vite meir? 

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:

Eldreombod Bente Lund Jacobsen. 

Mobil: 971 08 288

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  

SØK HER