Dommarfullmektig

LOGO Vest-Telemark tingrett
Søknadsfrist: 
15.02.2021

Det er ledig stilling som felles dommarfullmektig ved Vest-Telemark tingrett og Aust-Telemark tingrett. Stillingen vil ha fast kontorstad i Kviteseid

Dommarfullmektig

Vest-Telemark tingrett

Om oss

Vest-Telemark tingrett og Aust-Telemark tingrett er fullfaglege domstolar som handsamar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker og utfører oppgåver som Notarius Publicus.

Vest-Telemark tingrett er lokalisert i Kviteseid. Tingretten blir leia av ein sorenskrivar, og har ein dommarfullmektig og to sakshandsamarar.  Rettskrinsen  omfattar kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.

Aust-Telemark tingrett er lokalisert på Notodden. Tingretten blir leia av ein sorenskrivar, og har ein tingrettsdommar, ein dommarfullmektig, og tre sakshandsamarar. Rettskrinsen omfattar  kommunane Tinn, Hjardtal, Midt Telemark og Notodden.

Om stillinga

Det er ledig stilling som felles dommarfullmektig ved Vest-Telemark tingrett og Aust-Telemark tingrett. Stillingen vil ha fast kontorstad i Kviteseid.

Dommarfullmektigen får utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø.

Vi søkjer ein medarbeidar med gode faglege kvalifikasjonar som kan arbeide sjølvstendig og tidvis under tidspress.  God skriftleg og muntleg framstillingsevne er naudsynt i stillinga.

Stillinga er tidsavgrensa til to år.

Generelt

Tilsetting så snart som mogleg etter 01.04.2021. 

Tilsetting skjer på vanlege vilkår.  Den som vert tilsett må samtykkje i at uttømmande politiattest blir henta inn.

Vest-Telemark tingrett er hjelpsam med å skaffe bustad.

Søknad vedlagt CV med kopi av attestar/vitnemål må sendast elektronisk via link på denne sida.

Søknadsfrist: 15.02.2021

Spørsmål om stillinga

Om du har spørsmål om stillinga og domstolane, kan du kontakte sorenskrivar Dag Bjørvik eller dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem på  tlf. 35 06 84 50.

 

Søk her!

 

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Rådmannens stab
Søknadsfrist: 
15.06.2021
NORDEM
Søknadsfrist: 
16.06.2021
Kirkens Bymisjon
Søknadsfrist: 
17.06.2021
Juridiske tjenester, Helse Sør-Øst RHF
Søknadsfrist: 
20.06.2021
Oslo kommune, Kommunerevisjonen
Søknadsfrist: 
20.06.2021
The EFTA Surveillance Authority (ESA)
Søknadsfrist: 
31.08.2021