Avdelingsdirektør - Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren i Rogaland
Samfunnsavdelinga hos Statsforvaltaren har oppgåver frå fleire departement og direktorat. Avdelingsleiinga består av avdelingsdirektør og assisterande avdelingsdirektør og er organisert i faggrupper/lag. Avdelinga er tverrfagleg samansett og har om lag 40 tilsette.
Samfunnsavdelinga har viktige rettstryggleiksoppgåver på mange fagområde. Vi behandlar blant anna:
- separasjon- og skilsmissesaker
- rettshjelpsaker
- verjemålssaker
- klagesaker over kommunale vedtak etter plan- og bygningslova, kommunelova, alkohollova og offentleglova mv.
Avdelinga har også omfattande rettleiingsoppgåver ovanfor publikum og kommunane for alle våre saksfelt. Avdelinga har ansvaret for å samordna dei statlege tilsyna i Rogaland. Avdelinga har rettleiing og oppfølging på kommuneøkonomiområdet og noko tilskotsforvaltning samt fleire andre eksterne forvaltningsoppgåver og samordnings- og utviklingsoppgåver internt og eksternt.
Statsforvaltaren i Rogaland har ledig ei fast stilling som avdelingsdirektør.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsdirektøren
- har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga
- har ansvar for å leie og utvikle arbeidet i avdelinga
- har økonomi- og resultatansvar for avdelinga
- ansvar for verksemdplanlegging og risikostyring
- skal saman med embetsleiinga og dei andre avdelingsdirektørane delta i planlegging og gjennomføring av Statsforvaltaren sine samla oppgåver
- skal ta initiativ til samarbeid og samordning, både internt og med kommunar, fylkeskommune og andre offentlege og private verksemder
- skal ha kontakt mot media og skal vektleggje informasjon internt og eksternt
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer ein dyktig leiar som
- har utdanning på mastergradsnivå, til dømes som jurist. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- har erfaring som leiar frå offentleg eller privat verksemd. Vi ser gjerne at du har leiarrelaterte fag i utdanninga di. Det er ønskeleg med kompetanse innan eitt eller fleire av avdelinga sine arbeidsområde
- har gode analytiske og strategiske evner
- er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
- er god på formidling og samarbeid
- uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg
Du må kunne sikkerheitsklarerast.
Som leiar av samfunnsavdelinga må du ha evne til å inspirere, motivere og vidareutvikle medarbeidarane dine. Du må prioritere, delegere, ta avgjerder og skape resultat. Du må legge vekt på samarbeid og samordning.
Vi tilbyr
- lønn etter avtale i stilling som avdelingsdirektør
- dyktige kollegaer
- høve til å påverke samfunnsutviklinga i ein spennande og krevjande region
- god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
-
hjem - jobb - hjem ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å bli unntatt frå den offentlege søkjarlista. Søkjaren vil då bli informert om dette i forkant, jf. offentleglova § 25.
Spørsmål om stillinga
Du får nærare opplysningar om stillinga av statsforvaltar Lone Merethe Solheim, tlf. 51 56 87 68, mobil 908 05 289, eller fung. assisterande statsforvaltar Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64, mobil 971 74 751.
Om Statsforvaltaren i Rogaland
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.
Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.