advokat/advokat- fullmektig
Regjeringsadvokaten
Arbeidet hos Regjeringsadvokaten
Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for departementa i rettssaker og gir råd til forvaltninga i rettslege spørsmål. Embetet har i dag 50 advokatar og kan by på eit godt miljø fagleg og sosialt. Arbeidet er juridisk variert og omfattar både offentlegrettslege og privatrettslege spørsmål.
Arbeidsoppgåvene er utfordrande, sjølvstendige og gjev brei erfaring i prosedyre. Arbeidet fører med seg ein del reiseverksemd.
Regjeringsadvokaten har ledig nokre faste stillingar og vikariat som advokat/advokatfullmektig
Det blir stilt svært høge faglege krav til søkjarane. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å fungere i rolla som prosessfullmektig for staten.
For tida er advokatfullmektigane løna i ltr. 60-64, advokatane i ltr. 72-82 og advokatane med møterett for Høgsterett i ltr. 93-98.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.
Vi gjer merksam på at informasjon om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført på søkjarlista.
Spørsmål om stillinga
Ved behov for nærare opplysningar kan advokat Ingrid Skog Hauge kontaktas på telefon 22 99 02 00.
Sjå òg www.regjeringsadvokaten.no.
SØK HER!