2 Juriststillinger 100%
Helse Vest RHF
Vi ønskjer ein til to juristar til vår eigaravdeling. Du har juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
Mandatet til Helse Vest RHF er å sørgje for at alle innbyggjarane på Vestlandet har tilstrekkeleg og god tilgang på helsetenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Det er Stortinget og Regjeringa som bestemmer rammene for kva som er den offentlege helsetenesta vår og dei overordna prioriteringane for helsetenesta. Helse Vest RHF er den juridiske eigaren av helseføretaka, som utgjer føretaksgruppa Helse Vest. Eigaravdelinga i Helse Vest RHF handterer dei formelle sidene ved vår eigarfunksjon.
Vi ser etter ein eller to dyktige medarbeidarar som ønskjer å bidra i utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet og som trivst i spennet mellom politikk, jus og forvaltning. Eigaravdelinga handterer oppgåver knytte til eigarstyring, plan- og strategiarbeid, innovasjon, samfunnsansvar, bygg/eigedom, informasjonssikkerheit og kjøp av tenester hos private leverandørar av spesialisthelsetenester.
Du vil arbeide med oppgåver innanfor heile ansvarsområdet til avdelinga kor det er naturleg ut frå kompetanse og kapasitet. Vi legg vekt på at du har eit tverrfagleg perspektiv og er fleksibel i bruken av dei samla ressursane vi har. Oppgåvene krev at du arbeider både sjølvstendig og i team i tett samarbeid med andre avdelingar og helseføretaka i regionen. Det vil også vere oppgåver knytte til aktivitetar på nasjonalt nivå. Du må like å arbeide i eit hektisk miljø.
Arbeidsoppgåver
- brei juridisk rådgiving med særleg vekt på selskapsrett/føretaksrett, forvaltningsrett, helserett, offentlege anskaffingar, personvern/informasjonssikkerheit og immaterialrett
- særskilt ansvar for enkelte fagområde etter nærmare avtale med leiar
- gjennomføring av kjøp av spesialisthelsetenester frå private leverandørar
- oppfølging av avtaler med private leverandørar
- leie og delta i ulike prosjekt
- ordinær saksbehandling
Kvalifikasjonar
- juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- relevant arbeidserfaring – vi legg vekt på erfaring frå offentleg verksemd
- god økonomisk forståing er ein fordel
- erfaring med prosjektleiing og utgreiings- og utviklingsarbeid er ein fordel
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- strukturert og systematisk arbeidsform
- god verbal evne
- dyktig på å levere
- god strategisk forståing, evne til å skaffe oversikt og å sjå heilskapen
Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige betingelser
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Eigardirektør
Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland. Vi eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest i tillegg til Helse Vest IKT AS. Føretaksgruppa har om lag 29 000 medarbeidarar, omfattar om lag femti sjukehus og institusjonar og yter helsetenester til nær 1,1 million innbyggjarar. Driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. Helse Vest RHF har kontor på Forus i Stavanger. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta