Ønsker du å jobbe i skjeringspunktet mellom fag og politikk innanfor arbeidsrett og arbeidsmiljø?
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 230 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei presse- og kommunikasjonseining.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga har ansvar for politikkutvikling, regelverk, forvalting og kunnskapsutvikling på arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet. Dette omfattar mellom anna arbeidstid, stillingsvern, kollektiv arbeidsrett, HMS, partssamarbeid og å bekjempe sosial dumping.
Arbeidsrett og HMS er ein del av EØS-avtala, og EU/EØS-arbeid er difor ein sentral del av oppgåvene til avdelinga. I tillegg har avdelinga ansvaret for Noreg sitt forhold til Den internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO), rapportering og oppfølgingsansvar for Den europeiske sosialpakt og relevante FN-konvensjonar.
Vi er organisert slik at du kan få oppgåver frå heile ansvarsområdet til avdelinga.
Kva slags bakgrunn har du?
- Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. Karakterar vil inngå i vurderinga.
- Kunnskap om og interesse for arbeidsrett vil bli vektlagt.
- God skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.
- Det er ein fordel om du har noko relevant erfaring, men nyutdanna kan òg søke.
- For å bli vurdert til stilling som seniorrådgivar må du ha særleg relevant erfaring og kompetanse.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter engasjerte, initiativrike og ansvarlege juristar, som trivst med å jobba i tverrfaglege team. Du må kunna arbeida sjølvstendig, men også samarbeide og kommunisere godt med andre.
Kva får du hos oss?
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø innanfor arbeidsrett, arbeidsmiljø og etatsstyring med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men og rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
- Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
- Du vil innplasserast som rådgivar eller seniorrådgivar og lønn vil ligge mellom 500 000 og 780 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som og har eit av marknadens billegaste bustadslån. Du får óg høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Mona Næss på tlf. 932 27 232, eller avdelingsdirektør Rune Ytre-Arna på tlf. 916 88 762.
Søknadsfrist: 22. mars 2022
Arbeidsgivar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kommune: Oslo
Omfang: Heiltid (3 stillingar)
Varigheit: Fast