«Førehandsvissa må vike ved fastsetjing av uføretidspunkt»

Særleg for søkjarar med psykisk sjukdom, skriv Ingeborg Frøland Ryste i Jussformidlingen.

Ingeborg Frøland Ryste (Foto: privat / pixabay)
(Foto: privat / pixabay)

Uføretidspunktet påverkar borgaren sine rettar i høve trygdesum og om ein får tilkjent uføretrygd i det heile. Ved psykisk sjukdom kan symptoma vere «usynlege», noko som gjer det vanskeleg å fastsetje uføretidspunkt. Da vert det vanskeleg å ivareta rettane sine. 

«Usynlege» sjukdommar og fastsetjing av uføretidspunkt 

Det følgjer av folketrygdlova § 12-8 at uføretidspunktet skal setjast til då inntektsevna vart varig nedsett med minst halvparten. Ved fysiske skadar som følgje av akutt fysisk sjukdom eller ulykke kan det vere lettare å dokumentere og fastsetje uføretidspunktet. Problemet oppstår når det er tale om psykiske sjukdommar eller ei samansetjing av fysiske og psykiske sjukdommar. 

Dette kan gjelde psykiske lidingar som depresjon, der stemningsleie vert påverka, men også lidingar som personlegheitsforstyrring eller schizofreni. Uansett har dei nokre ting til felles. Det er vanskeleg å seie kor lenge dei vil vare og det er vanskeleg å sjå når dei fyrst inntreff. Bakgrunnen for dette er at dei i enkelte tilfelle utviklar seg over tid, at personen som har sjukdommen ikkje er i stand til å sjå det sjølv, og at stigmatisering kan føre til vegring for å søkje hjelp. Der usynlege sjukdommar kan gje grunnlag for uføretrygd, burde beviskrava vere tilpassa det at dei er nettopp det; usynlege.

Avgjerande for den enkelte

For mange vil kanskje ikkje fastsetjing og eventuell feilberekning av uføretidspunkt høyrest ut som det verste som kan skje. Det er imidlertid noko som kan få stor betydning for den enkelte. 

Om ein får tilkjent tillegg som ung ufør vil ein vere omfatta av unnatak frå hovudreglar i folketrygdlova. Til dømes er minstebeløp for uføretrygda større om det er dokumentert at ein var ufør før fylte 26 år. I tillegg får ein unntak frå kravet om forutgåande medlemsskap. Om det går enno lengre tid kan det skje store forandringar i gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt og uføregrunnlag. Difor vil uføretidspunktet vere av stor økonomisk betydning.

Eit beviskrav som ikkje gjenspeiler røynda

Jussformidlingen er samd i at det bør liggje føre god og tilstrekkeleg dokumentasjon for å fastsetteutføretidspunkt. Det burde imidlertid vere forståing for at sjukdomsbileta kan vere komplekse, og at det ved utøving av beviskravet burde bli teke omsyn til dette. 

Der Nav vel å vektlegge dokumentasjon frå diagnostiserings- eller innleggingstidspunkt i fastsetjing av uføretidspunktet, er det openbart at praksisen ikkje gjenspeiler røynda. Den som lid av schizofreni har vore sjuk lenge før dei vart innlagd på psykiatrisk. Og den som lid av depresjon har brukt mange psykologtimar på å få ei diagnose (om dei i det heile har kome seg til psykolog). 

Må du vente til du er innlagt på psykiatrisk sjukehus for å oppfylle folketrygdlova sine krav? Anna dokumentasjon, som uttalingar frå kollegaer, arbeidsgjevar, verge, lærar, støttekontakt, el. bør kunne tilleggjast vekt i bevisvurderinga. Det er berre på denne måten ein kan få eit heilskapleg bilete av sjukdomsforløpet. Jussformidlingen ser det som kritikkverdig at ein kan risikere at uføretidspunktet ikkje setjast til då ein faktisk var sjuk, men då ein formelt vart sjuk.