- Ingen rettstryggleik utan tilgjengeleg rettshjelp

- Å få ei uavhengig og forståeleg vurdering har stor verdi og kan ikkje utan vidare overlatast til det offentlege.

Selma Fosså Bunæs. Foto: Jussformidlingen
Selma Fosså Bunæs. Foto: Jussformidlingen

Av Selma Fosså Bunæs, leiar av Rettshjelpargruppa ved Jussformidlingen i Bergen

Jussformidlingen har ei under­gruppa kalla Retts­hjelpargruppa. Vår oppgåve er å drive oppsøkande og forebyggande verksemd. Med denne artikkelen ønsker vi å belyse arbeidet gruppa gjer og peike på nokre hovudutfordringar innan rettsopplysande verksemd i åra framover.

Rettshjelpargruppas oppsøkjande og forebyggande verksemd skjer i form av foredrag, regelmessige besøk i fengsel og skriving av informative juridiske brosjyrar. Vi held foredrag for samarbeidspartnarar og interesse­grupper, blant desse Papillon, Robin hood-huset og offentlege bibliotek. Foredraga er tematisk innretta etter rettsområda vi jobbar mest med: utlendingsrett, arbeidsrett, husleierett, straffegjennomføringsrett og trygde­rett.

Vi ser at vel så viktig som kunnskapen om rettsområdet dei frammøtte sit att med, er den meir varige kjennskapen gruppene får om hjelpen vi tilbyr. Slike samarbeid over tid gjer at personane tilknytt organisasjonane er kjent med at vi finnast og lettare tar kontakt i tilfelle dei treng juridisk bistand.

Framover ser vi at slikt arbeid berre vil verte viktigare. I takt med at retten og rettssystemet vert meir og meir komplisert, vert òg rettstryggleiken meir utilgjengeleg, særleg for dei mest sårbare i samfunnet. Blant desse vil eg særskild trekkje fram innsette i fengsel og utvalde stønadsmottakarar av trygd.

I løpet av 2022 har Jussfor­midlingen etablert eit samarbeid med Bergen Fengsel, og besøker fengselet ein gong i månaden. Under besøka tilbyr vi generell juridisk rettleiing til dei innsette og tar inn saker. Det tok tid å få samarbeidet på beina. Etter å ha vore der regelmessig ser vi at etterspurnaden etter juridisk bistand i fengselet er stort.

Å vere åtskilt frå omverda gjer ein særleg sårbar for å få rettane sine brotne, idet tilgjengeleg informasjon og tenester er svært avgrensa. Hovudregelen for innsette er ingen internett[1] og 20 minutt telefontid i veka.[2] Då vert familie og vennar typisk prioritert framfor undersøking av juridiske spørsmål, forståeleg nok. Vi ser at å vere fysisk på besøk i fengselet difor gjer ein stor forskjell. Vi plukkar opp og får bistått i fleire straffegjennomføringssaker, samt at det gjer kommunikasjonen med klientane vi allereie har mykje enklare.

Det er bekymringsverdig at besøka våre utgjer ein såpass stor forskjell for tilgjengelegheita på juridisk bistand i fengselet. Dei fleste fengsel har ikkje eit gratis rettshjelpstiltak i nærleiken, og sjølv med eit rettshjelpstiltak i nærleiken får ikkje alle den rettshjelpa dei treng. Jussformidlingen erfarer at vi ikkje strekk til for å dekkje rettshjelpsbehovet til Bergen Fengsel fullt ut. Vi rekk ikkje alltid snakke med alle som ønskjer samtaletimar og kan ikkje bistå i alle saker, grunna prioriteringar av våre ressursar og avgrensing mot rettsområde utanfor vår kompetanse. Det skal rett og slett meir til enn eit studentdrevet gratis rettshjelpstiltak til for å ivareta rettstryggleiken til rundt 200 innsette.

Innsette er ei gruppe som ofte blir prioritert sist. Vi har fått høyre at ein ikkje vinn val på å betre rettstryggleiken i fengsla. For Norge som rettsstat er imidlertid ivaretaking av rettstryggleiken til dei som er fråtatt fridomen sin, eit minimum. Oppfølging av enkeltfengsel slik Jussformidlingen no gjer er ressurskrevjande, men noko vi ønsker å prioritere framover grunna det store behovet for tilgjengeleg rettshjelp.

Ein anna stad der vi ser at aukande kompleksitet i retten og rettssystemet gjer rettstryggleik meir utilgjengeleg, er for stønadsmottakarar av trygd. Trygderetten er eit omfattande og tidvis komplisert regelverk. Trygdeskandalen illustrerer dette godt, og viser at det er noko paradoksalt i kor strenge krav ein stiller til brukarane. Dei skal ta personleg ansvar for å kjenne til sine rettar og plikter. Å ikkje få med seg kva rettar og pliktar ein har kan få store konsekvensar i form av tilbakebetalingskrav av tidlegare utbetalte stønadar, som no er oppbrukt.

For dei fleste NAV-brukarar er ein slik oversikt mykje å krevje. Jussformidlingen brukar i dag mykje ressursar på å skrive utgreiingar og følgebrev for klientar med saker innan trygderett, som forklarer saken for dei. Denne oppgåva ligg eigentleg innanfor NAV sitt mandat og deira rettleiingsplikt.

Rekkevidda av plikta skal i utgangspunktet styrast av brukarens behov, for at brukarane får ein forståeleg innføring i eiga sak. Juss­formidlingens erfaring er imidlertid at svært få forstår kvifor dei ikkje har fått innvilga stønad, stønaden har opphøyra, eller stønaden vert kravd tilbakebetalt. Å motta nokså standardiserte grunngjevingar der det ikkje er uvanleg at eit titals paragrafar listast opp til slutt, gir på ingen måte naudsynt rettleiing.

I tillegg har mange ein svært liten eller ikkje-eksisterande tillit til det offentlege. Å få ei uavhengig og forståeleg vurdering frå Jussformid­lingen, har difor stor verdi og kan ikkje utan vidare overlatast til det offentlege.

Aukande kompleksitet i rettssystemet gjer det vanskelegare å hevde sin rett på eiga hand. For innsette i fengsel medfører dette eit stort behov for oppsøkande verksemd og tilgjengeleg rettshjelp. For NAV-brukarar, betre rettleiing. Jussfor­midlingen driv slik oppsøkande verksemd og tilbyr uavhengig og kvalitetssikra juridisk bistand – eit arbeid som er viktigare enn nokon gong!


[1]       Forskrift om straffegjennomføring § 3-20 (3)

[2]       Ibid, § 3-29 (2)

Tags