Målpris til Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen
Juristmållaget har gitt Det juridiskefakultet ved Universitetet i Bergen Målprisen 2016 for å løfta framdet gode arbeidet som er gjort for bruk av nynorsk på det juridiskeområdet, og for å stimulera til vidare arbeid med å fremja jusspå nynorsk.
I grunngjevinga heiter det mellom annaat «Fakultetet får målprisen på grunn av den aktive støtten studentarmed nynorsk som målform har fått frå første stund dei byrjar påstudiet. Det er gitt klare oppmodingar frå tilsette om å halde påmålforma og det er organisert nynorske arbeidsgrupper sidan hausten2009. I tillegg har fakultetet gode arbeidsvilkår for vitskaplegtilsette som brukar nynorsk.
I opningstalen har dekanen ved Det juridiskefakultet ofte framheva fortrinna dei som skriv nynorsk har, vedat dei er betre trena til å tenka gjennom den nøyaktige tydingaav fagomgrepa, og difor lettare knekk koden med lovtolking.
Faktultetet har følgt ord i handlingved å gje eit tilbod om nynorske arbeidsgrupper i første og andrestudieår, der språket er ein viktig del.
Satsinga har gitt positive resultat.Talet på studentar som registrerar nynorsk som målform ved semesterstarter jamt stigande, og det same gjeld tal på studentar som ynskjerå delta i dei nynorske arbeidsgruppene. Dette gjer at Juristmållagetikkje er i tvil om at Bergen er nynorskhovudstaden innanfor jussen».
– Dette var svært gledeleg, seier prodekanBerte-Elen R. Konow.
Ho understrekar at ho er klar over atdet med prisen følgjer visse forventningar som fakultetet vil strekkjaseg for å i møtekomma.
Prisen vart delt ut i samband med allmøteom strategiplanen til fakultetet den 20. april 2016. At strategiplanener skriven på nynorsk underbyggjer at Det juridiske fakultet erein verdig mottakar av målprisen.