Høgsterett Høgsterett og det transnasjonale rettsregimet

Sidan 2000 har internasjonaliseringa av retten vore eit tema i samfunnsdebatten. Det bør det òg vera, for truleg spring meir enn 20 % av norsk rett i dag ut av rettskjelder produsert utanfor Noreg sine grenser.

Slik rettskjelder er særleg Den europeiske menneskerettskonvensjonen med tilleggsprotokollar (Dei europeiske menneskerettane), menneskerettar produsert av FN, EØS- og EU-rett, men òg til dømes WTO-rett. Men internasjonaliseringa av retten har frå 2010 ført til ei transnasjonalisering av retten. Framveksten av eit transnasjonalt rettsregime har ikkje vore eit tema . Det bør den bli, for den utfordrar vår forståing av maktfordelingsprinsippet

Men transnasjonaliseringa av retten byrja altså med ei internasjonalisering. Når det gjeld Den europeiskemenneskerettskonvensjonen, vart dei ein del av norsk rett alt i 1953. Men fyrst i 1984 vart den ope nytta av Høgsterett som ei kjelde til å tolka norsk rett. I løpet av 1990-talet vart konvensjonen stadig oftare eit tema både i og utanfor Høgsterett, og i 1999 var den, saman med FN sine to menneskerettserklæringar, gjort til norsk lov. Overgangen frå å vera ein del av norsk rett til norsk lov var viktig for at ein klar, norsk lovregel i 2000 for fyrste gong vart sett til sides fordi den var i strid med Dei europeiske menneskerettane.

I 1988 fekk ein i Noreg ei produktansvarslov som i all hovudsak var ei omsetjing og reformulering av eit EF-direktiv frå 1985. Same året vart det sendt ut eit brev frå statsminister Gro Harlem Brundtland sitt kontor til departementa om «Harmonisering av norske lover og forskrifter med EFs regelverk». Frå EØS-avtalen vart underteikna i 1992 til den kom i kraft to år seinare, vart norsk rett harmonisert med EU-retten gjennom at omlag 2000 rettsakter frå EU vart tatt inn i norsk rett. Sidan den gong har harmoniseringa gått sin gang, og ytterlegare 8000 rettsakter frå EU har vorte ein del av norsk rett. I 2004 vart EØS-retten for fyrste gong gjeven forrang for norsk lov i Høgsterett.

Gjennom å gje Dei europeiske menneskerettane og EØS-retten forrang for norsk lov, det utfordra Høgsterett Stortinget som lovgjevar. I ein norsk samanheng var det i seg sjølv ikkje noko nytt, fordi Høgsterett hadde alt på 1800-talet tatt seg rett til å setja til sides lov dersom domstolen kom til at den streid mot Grunnlov. Likevel var det to nye aspekt ved situasjonen som oppstod i 2000 og 2004.

For det fyrste var det fram til grunnlovsrevisjonen i mai 2014 eigentleg er det bare § 97 om lov si tilbakeverkande kraft og § 100 om vern av eigedomsretten, som har vorte nytta av Høgsterett til å setja Stortinget si lovgjeving til sides. Når Dei europeiske menneskerettane og EØS-retten i dag truleg utgjer meir enn 20 % av norsk rett, har mengda reglar som kan brukast til å setja til sides lov auka monaleg.

For det andre kan Stortinget møta ei tilsidesetjing av lov med å endra Grunnlova. Stortinget kan derimot ikkje endra Dei europeiske menneskerettane eller EØS-retten. Og sjølv om Stortinget formelt kan seia opp medlemskapet i Europårådet og EØS-avtalen, er dette langt meir vanskeleg enn å få fleirtal for ein grunnlovsendring.

På byrjinga av 2000-talet var det framleis formelt Stortinget som var premissleverandør for innhaldet i norsk rett. Reelt var Stortinget redusert til ein hovudleverandør, medan EU-kommisjonen, -parlamentet og –domstolen, EFTA-domstolen og Den europeiske menneskerettsdomstolen produserte ein stadig større delav norsk rett. Internasjonaliseringa av retten hadde dermed som konsekvens at Høgsterett flytta noko av si merksemd og sin lojalitet over frå Stortinget til dei ovanfor nemnte internasjonale organa.

Dette var ikkje einaste mogelege utvikling. Høgsterett kunne ha valt å seia at det er Stortinget som må sikra samsvar mellom norsk rett produsert innanfor og utanfor norske jurisdiksjonsgrenser. Men frå 1994 har Høgsterett si hovudoppgåve vore rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Difor var det ikkje unaturleg at domstolen orienterte seg mot internasjonale organa når deira rett og rettspraksis var utgangspunktet for retten som skulle sameinast, avklarast og utviklast.

Men dette var bare byrjinga. Ganske tidleg valte Høgsterett å ignorera EFTA-domstolen. I staden har Høgsterett tatt på seg oppgåva som den øvste tolkar av EØS-retten. STX-dommen i 2013 kan sjåast på som eit klart uttrykk for denne utviklinga, og provoserte då òg presidenten i EFTA-domstolen, Carl Baudenbacker, overmåte mykje.

Samstundes har Høgsterett valt å eklektisk å halda seg til domstolen sin rettspraksis, med 2010 som eit vendepunkt. For gjennom å henta rettleiinga direkte frå EU-domstolen, har Høgsterett legitimert at den går utanom EFTA-domstolen. Så medan Stortinget har plikt til å ta inn EØS-rett i norsk rett, har Høgsterett stilt seg i ein posisjon som gjer at domstolen har stor fridom til å tolka innhaldet i denne retten.

Samstundes har Den europeiske menneskerettsdomstolen sidan 2009 dramatisk redusert talet på saker den avgjer. Dette har ført til mindre rettleiing for nasjonale domstolar. I 2013 vart prinsippet om at det er nasjonale domstolar sitt ansvar å ivareta og utvikla Dei europeiske menneskerettane styrka. Og i 2014 vart mange sentrale menneskerettar gjort til ein del av Grunnlova gjennom ein omfattande revisjon. Alt dette gjer at Høgsterett vart friare Den europeiske menneskerettsdomstolen, og sjølv ein hovudutviklar av menneskerettane i norsk rett, slik dei òg er det av EØS-retten.

Ein kan seia det slik at Høgsterett fram til 2000 og 2004 var bunden av Stortinget, deretter delvis av internasjonale organ fram til 2010. Men kven bind Høgsterett i dag?

Så lenge Høgsterett har som samfunnsoppgåve å skapa rettseinskap, og å avklara og utvikla retten, så må domstolen orientera seg mot dei beste kjeldene til å fylla oppgåva si. Andre øvste domstolar i Europa er ei slik kjelde. Årsaka er at dei, som norsk høgsterett, nyttar Dei europeiske menneskerettane og EU-retten. Og gjennom å studera deira praksis, kan ein få inspirasjon til eigen rettspraksis.

Høgsterett ser hen til andre øvste domstolar sin praksis når dei skal avgjera saker der rettskjeldene har sitt opphav utanfor norske jurisdiksjonsgrenser. Domstol omset òg nokre av sine avgjerder til engelsk, slik at den kan bidra til europeisk rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Det er slik retten vert transnasjonal i staden for internasjonal. Den internasjonale retten får si form gjennom ein relasjon mellom det nasjonale og internasjonale organ. Den transnasjonale retten får det gjennom ein relasjon mellom organ i ulike nasjonar. Men i motsetnad til bindinga til Stortinget, og delvis til bindinga til internasjonale organ, er dette ei eklektisk, og dermed svak binding.

Denne transnasjonaliseringa av retten kan opplevast som ein palassrevolusjon. Høgsterett hentar rett nok delar av den internasjonale retten tilbake til ein nasjonal kontekst. Men det er ikkje Stortinget, men Høgsterett som får auka sjølvråderetten gjennom å vera det organet som i størst grad kan påverka innhaldet i den. Ikkje minst den gamle prøvingsretten har sidan 2000-talet bidrege til dette. Samstundes er utviklinga ikkje unaturleg sett i relasjon til Høgsterett sine samfunnsoppgåver; rettseinskap, rettsavklaring og rettsutvikling. Desse oppgåvene har Høgsterett sjølv fått definera, men domstolen har fått prosessuelle verktøy og budsjett til det av Stortinget.

Det store problemet er difor ikkje at Høgsterett har tatt på seg ein leiande rolle nasjonalt innan det transnasjonale regimet, men at politikarar, media og delvis staden av samfunnsvitarar og juristar framleis tenkjer nasjonalt og internasjonalt i ein periode med sterk transnasjonalisering av retten. Dermed ser og skjønar ein ikkje systemkonsekvensar.