Universitetet i Oslo Erstatningsnivået ved tvangsovertaking av fallrettar

Temaet i avhandlinga er kva erstatningdu kan ha krav på som eigar av eit vatnfall, dersom det vert ekspropriert. Spørsmåleter særleg aktuelt som fylgje av auka utbygging av småkraftverk,utviding av eksisterande kraftverk og, ikkje minst, bygging av nyekraftprosjekt.

Eit hovedfunn i studien er at det erein markert avstand mellom idealnorma og utmåling av erstatningved tvangsovertaking av fallrettar i dag. Idealnorma er i dennesamanhengen ein målestokk som gir uttrykk for kva som er ei samfunnsøkonomiskgunstig løysing, og ei løysing som også gir uttrykk for ei vissrettferd mellom den som mister og den som får eigedom overført tilseg. Idealnorma vart etablert på grunnlag av empirisk kunnskap omfriviljuge falleigeavtalar, innsikt i økonomisk teori og rettferdsteori.

Ei hovudutfordring for den som vilha kompensasjon er det vi kan omtala som påreknelegvurderingar.Kort sagt betyr det at ein falleigar i skjønnsretten må prova athan sjølv ville ha bygt ut eit kraftverk for å få «full utteljing»i erstatningsutmålinga. Desse påreknelegvurderingane, spådomar omkva som ville ha skjedd om ikkje ekspropriasjonstiltaket var aktuelt,gjer erstatningsutmålinga til ein usikker og lite føreseieleg prosess.Ein annan konsekvens av denne rettsbruken er at det lågaste erstatningsnivåetkun er tilgjengeleg for dei største aktørane.

Som fylgje av dei mange små kraftutbygginganeetablerer jordskifterettane i stadig større grad tvungne fellesskap,bruksordningar, med føremål om å leggja til rette for kraftutbygging.I avhandlinga finnest den første grundige analysen av spørsmåladette reiser, og kva kompensasjonsnorm jordskifteretten skal leggjatil grunn i desse sakene.?Eit tredje hovudtema i avhandlinga erkva føringar dei overordna rammene i Grunnlova § 105 og den europeiskemenneskerettskonvensjonen TP 1–1 gir for rettsområdet.

Avhandlinga viser for det første atrettferdsideala i dei to føresegnene er på kollisjonskurs. For detandre kjem det fram at også i handhevinga av eigedomsvernet etterGrunnlova § 105 aksepterer Høgsterett at påreknelegvurderingar,spådomar om ei alternativ framtidsutvikling, styrer kva som er eittilfredsstillande erstatningsnivå. Kontrasten til tilnærminga iDen europeiske menneskerettsdomstolen er slåande.

Domstolen set som eit utgangspunktkrav om ein kompensasjon som kan omtalast som full marknadsverdifor eigedomsinngrep som svarar til tradisjonell ekspropriasjon.Skal ein forlate dette utgangspunktet må den aktuelle staten forklarekvifor det er rimeleg. Alt her har altså Den europeiske menneskerettsdomstolenvalt ein annan systematikk enn det som er hovudtilnærminga til Høgsterett.

Cand. jur Katrine Broch Hauge vedInstitutt for privatrett, UiO, forsvarte sin avhandling for gradenPh.d: Erstatningsnivået ved tvangsovertaking av fallrettar, 2. jun.2015.