Leiar av den juridiske utgreiareininga

LOGO Riksvåpenet
Søknadsfrist: 
22.11.2018

Ved Gulating lagmannsrett vert det ledig stilling som leiar av den juridiske utgreiareininga.

Leiar av den juridiske utgreiareininga

Gulating lagmannsrett

Gulating lagmannsrett kan tilby:

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Sjølvstendige og utfordrande faglege og administrative arbeidsoppgåver
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane og leiinga i lagmannsretten
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeids- og ansvarsområde:

Dei juridiske utgreiarane arbeider i all hovudsak med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen. Arbeidet i utgreiareininga set høge krav til kvalitet, effektivitet og at ein kan levera saker innan fastsette fristar.

Utgreiarleiaren vil ha det faglege, administrative og personalmessige ansvaret for utgreiareininga, og skal saman med leiinga i lagmannsretten utvikla utgreiareininga med sikte på effektiv drift, høg fagleg kvalitet og godt samarbeid med dei andre medarbeidarane i lagmannsretten.

Arbeidet som utgreiarleiar vil by på spanande, varierte og krevjande arbeidsoppgåver både fagleg og administrativt. Utgreiarleiaren utgreier også eigne saker. Søkjaren må kunna begge målformer.

Vi søkjer ein person som:

  • Har juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • Har særs gode juridiske kvalifikasjonar og fagleg relevant erfaring
  • Har gode leiareigenskapar og er utviklingsorientert. Leiarerfaring vil verta tillagt vekt
  • Har gode samarbeidsevne og evne til å byggja opp og vidareutvikla eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø i eininga
  • Har ei sjølvstendig, effektiv og strukturert arbeidsform, og evne til å halda overblikk og arbeida målretta
  • Har god skriftleg framstillingsevne

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Stillinga som leiar for utgreiareininga vert løna som seniorrådgjevar i stillingskode 1364, lønnsspenn 720 000 – 780 000 kr pr. år avhengig av kvalifikasjonar. Ved særs godt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn verta vurdert. Frå lønna vert det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Spørsmål om stillinga kan rettast til førstelagmann Magni Elsheim på telefon 55 69 39 53, utgreiarleiar Marie Trovåg på telefon 55 69 39 62, eller avdelingslagmann Martin Tenold på telefon 55 69 39 41.

Nettstad: www.domstol.no/gulating

Søknadsfrist: 23. november 2018.

Søknader sendast elektronisk   HER

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Riksvåpenet
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Bergen
Søknadsfrist: 
19.11.2018
LOGO UDI
UDI -Analyse- og utviklilngsavdelingen
Søknadsfrist: 
19.11.2018
LOGO COWI
COWI, Oslo (Hasle/Løren)
Søknadsfrist: 
20.11.2018
LOGO Sivilombudsmann
Sivilombudsmannen, Oslo
Søknadsfrist: 
21.11.2018
LOGO NVE
Norges Vassdrags- og energidirektorat
Søknadsfrist: 
21.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Ålesund
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Bergen
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Gulating lagmannsrett
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Riksvåpen
Hålogaland lagmannsrett
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Salten tingrett og Lofoten tingrett, Bodø
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Gulating lagmannsrett, Bergen
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Bergen
Søknadsfrist: 
02.12.2018
LOGO Riksvåpenet
Norges Høyesterett
Søknadsfrist: 
03.12.2018
LOGO Trygderetten
Trygderetten
Søknadsfrist: 
03.12.2018
LOGO Politiet
Sysselmannen på Svalbard
Søknadsfrist: 
06.12.2018
LOGO Wikborg Rein
Wikborg Rein Advokatfirma AS, Bergen
Søknadsfrist: 
07.12.2018