Juridisk utgreiar og årsvikariat som juridisk utgreiar

LOGO Riksvåpenet
Søknadsfrist: 
23.11.2018

Ved Gulating lagmannsrett vert det ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar, og eitt årsvikariat.

Juridisk utgreiar og årsvikariat som juridisk utgreiar

Gulating lagmannsrett

Gulating lagmannsrett kan tilby:

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeids- og ansvarsområde:

Dei juridiske utgreiarane arbeider i all hovudsak med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje juridiske fagfelt, i tillegg til arbeidsmåten ved domstolen.

Stillinga som utgreiar i lagmannsretten krev svært gode juridiske kvalifikasjonar. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og stillinga set høge krav til kvalitet, effektivitet og at ein kan levera saker innan fastsette fristar. God skriftleg framstillingsevne og gode samarbeidsevner er óg særs viktig. Søkjarar må dessutan kunna begge målformer.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar.

Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf offentleglova § 25 andre ledd.

Spørsmål om stillinga kan rettast til førstelagmann Magni Elsheim på telefon 55 69 39 53, utgreiarleiar Marie Trovåg på telefon 55 69 39 62, eller avdelingslagmann Martin Tenold på telefon 55 69 39 41.

Nettstad: www.domstol.no/gulating

Søknaden  sendast elektronisk  HER

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Riksvåpenet
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Bergen
Søknadsfrist: 
19.11.2018
LOGO UDI
UDI -Analyse- og utviklilngsavdelingen
Søknadsfrist: 
19.11.2018
LOGO COWI
COWI, Oslo (Hasle/Løren)
Søknadsfrist: 
20.11.2018
LOGO Sivilombudsmann
Sivilombudsmannen, Oslo
Søknadsfrist: 
21.11.2018
LOGO NVE
Norges Vassdrags- og energidirektorat
Søknadsfrist: 
21.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Gulating lagmannsrett
Søknadsfrist: 
22.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Ålesund
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Bergen
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Forsvarsbygg
Forsvarsbygg
Søknadsfrist: 
23.11.2018
LOGO Riksvåpen
Hålogaland lagmannsrett
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Salten tingrett og Lofoten tingrett, Bodø
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Riksvåpenet
Gulating lagmannsrett, Bergen
Søknadsfrist: 
28.11.2018
LOGO Fiskeridir
Fiskeridirektoratet, Bergen
Søknadsfrist: 
02.12.2018
LOGO Riksvåpenet
Norges Høyesterett
Søknadsfrist: 
03.12.2018
LOGO Trygderetten
Trygderetten
Søknadsfrist: 
03.12.2018
LOGO Politiet
Sysselmannen på Svalbard
Søknadsfrist: 
06.12.2018
LOGO Wikborg Rein
Wikborg Rein Advokatfirma AS, Bergen
Søknadsfrist: 
07.12.2018